
27.-28.02.2026
Sandane
Foto: Kristin Aafløy Opdan
Velkomne til Ose Kammerspel 2026!
Vi er veldig glade for å kunne ønske alle hjartelig velkomne til endå ei utgåve av Ose Kammerspel i slutten av februar.
Vi kjem ikkje unna alt det som skjer i verda akkurat no, og i denne turbulente tida har vi i år valgt å fokusere på lys og mørke. Temaet krig er kanskje meir relevant enn nokon gong, med rom for mykje ettertanke og kjensler i heile spekteret. Laurdagskonserten ber tydeleg preg av dette, og med tittelen «Det som vart att», vil vi gjerne vise musikk som vart skrive under og rundt 2. verdskrig. Komponisten Weinberg var ein av dei få som overlevde Holocaust, han var sjølv jøde og mista si nære familie i konsentrasjonsleirane. Som han sjølv sa: «Mange av mine verk er dedisert til temaet krig. Det var ikkje mitt eige val, det blei diktert av min skjebne».
Så er det jo også slik at sjølv under dei mørkaste tider, så fins det lyspunkt, og desse er det så viktig å ta vare på. Festivalen opnar med konsert fredag kveld på Bedehuset med mykje lys og fleire sprudlande verk, der du får bli godt kjend med alle musikarane og dei fantastiske kvalitetane dei har - blant anna gjennom ein stryketrio av Beethoven. Beethovens musikk er så presis og djup og skjør at den er ikkje alltid så lett å setje saman i løpet av den korte prøvetida på ein festival, derfor er vi så begeistra for at vi får ein stor Beethoven-trio fra fantastiske og energiske Ssens Trio, som er våre musikalske gjester i år. Det er noko eige å høyre eit ensemble som er så samkjørt og kjenner kvarandre så godt.
Nytt for festivalen i år er at det blir lunsjkonsert på Sølvane Matbar! Denne blir laurdag på dagtid, før festivalen avrundast med konsert igjen i Bedehuset på kvelden.
Velkomne på festival!
Ingrid og Maria Ose
kunstneriske leiarar
