
29.02.-03.03.2024
Sandane
29.02.-03.03.2024
Sandane
Festivalen i 2024 blir 29.02 til 03.03! Hold av datoane allereie no!
Velkomne til Ose Kammerspel 2023!
Velkomne til Ose Kammerspel 2023!
Ose Kammerspel 2023 blir 2. til 5. mars, og vi kan glede oss til nok ei strålande liste med artistar og eit minnerikt program!
Festivalen i år opnar med ein heilt spesiell konsert i Trivselshagen torsdag 2. mars: Schubert sin fantastiske Schwanengesang, framført av frankågunnar - Frank Havrøy (sang) og Gunnar Flagstad (piano). Frankågunnar har gjort stor suksess med si tolking av Schwanengesang, og vi kan love at du aldri har høyrt maken nokon gong! Frankågunnar ville finne ut kva som skjer viss alt er lov når ein tolker Schubert, kva hender om ein tillit seg å ta i bruk heile den musikalske verktøykassa, inkludert musikalske sjangre som jazz, cabaret og sjømannssanger - som har kome til lenge etter at Schubert skreiv sangene i 1828. Då plata deira kom ut i 2021, lot ikke begeistringa frå musikkritikarar og publikum vente på seg! Plata blei kåra til Årets beste album både av Klassekampen, Aftenposten og Morgenbladet, og Aftenposten skreiv m.a. at "Innspillingen dirrer av engasjement og humor, og prosjektet fremstår både presist og gjennomtenkt. Men det er først og fremst morsom lytting, en ganske sjelden kvalitet innen romansesjangeren". Musikkbladet Ballade hevda at "Det er som om Havrøy og Flagstad har lurt Schubert med seg ned i en østerriksk ølbule. Det er blitt langt etter stengetid, men de sitter der enda og skråler av full hals". Vi kan sjå fram til ein kveld med eineståande musikarar, humor og fleire overraskingar. Vi er einige med Aftenposten når dei skriv: Kjem frankågunnar til ein konsertsal nær deg - vær der!
Fredag flytter vi oss over til Bedehuset på Sandane, der vi får oppleve strykekvartetten Opus13 og Ingrid og Maria. Opus13 er ein av verdas fremste unge strykekvartetter, og vann i haust 2. pris i den prestisjetunge kvartettkonkurransen i Banff i Canada. Opus13 er svært aktuelle både i Noreg og i verda for tida, og har spelt med ei rekke toppmusikarar. I romjula skal dei spele med m.a. Janine Jansen - ein av verdas aller fremste fiolinistar - på International Chamber Music festival i Utrecht. På bedehuset får vi høyre kvartetten spele Ravel sin leikne og eventyrlege strykekvartett i F-dur, og i samspel med Maria i CPE Bach sin Fløytekonsert. Opus13 består av Sonoko Miriam Welde (fiolin), Edvard Erdal (fiolin), Michael Andreas Grolid (bratsj) og Daniel Thorell (cello).
Laurdag blir det konsert i Trivselshagen igjen, då med Håvard Gimse i hovudrolla! Håvard treng vel eigentleg ingen nærare presentasjon - han er ein av våre aller fremste og mest kjende pianister. Håvard plukka ut flygelet i Trivselshagen i si tid, og no skal han og flygelet verkeleg få skinne til fulle saman når han spelar ei av dei aller finaste pianosonatene som er skreve - nemleg Beethoven sin Måneskinnssonaten. Han skal også framføre Brahms sin store Pianokvintett i f-moll saman med Opus13, eit verk som skildres som "the Crown of Brahms Chamber Music", så her er det absolutt mykje å gle seg til! Ingrid og Håvard skal spele Poulenc si Fløytesonate, og vi får også høyre Maria og Håvard spele Sonate av Cécar Franck.
Søndag avsluttast Ose Kammerspel på Bedehuset med Opus13 og Ingrid og Maria. Njord Kårason Fossnes har komponert eit fantastisk stykke til Ingrid og Maria, og Dyade blir urframført på denne konserten. Vi får også høyre Faure sin Fantasie med Ingrid og Opus13, og Bach sin Orkestersuite i h-moll med Ingrid, Maria og Opus13. Avslutningsnummeret blir intet mindre enn Beethoven sitt meisterverk, Strykekvartett nr. 13 i B-dur.
Vi ynskjer dykk alle hjarteleg velkomne til Ose Kammerspel i 2023!
-Ingrid og Maria Ose
kunstneriske leiarar
Foto: Kristin Aafløy Opdan